No har vi 15 000 fleire registreringar enn i 2018, som også hadde ein svært god start pga. kjempefint vêr.
Tala viser følgjande registreringar i perioden 1. - 3.mai:
År: 2018 2019 2020
Registreringer: 21328 12424 37116
Talet på deltakarar pr. no er på heile 13 740 personar. Til samanlikning var det pr. 3. mai i fjor 4159 aktive deltakarar.
At det er ein stor auke i talet på folk som er ute på tur, er det ingen tvil om. Vi har fått tilbakemeldingar om at det har vore stor utfart på turparkeringar lenge. Det har nok med koronasituasjonen å gjere, og det er flott at folk brukar tida til å kome seg ut på tur.
Men friluftsråda oppmodar folk om å ta omsyn. Ikkje berre for å unngå koronasmitte, men også til naturen. Vått terreng og planter som spirer er sårbare for slitasje, vel stiar som er tørrast mogleg og pass på å sette minst mogleg avtrykk. Fuglar og dyr skal få fram ungar no, og med mykje folk i marka aukar faren for å forstyrre dei. Dette er det viktig å ta omsyn til. Og så vil vi slå eit slag for å sykle, eventuelt å samkøyre til startpunktet dersom det er råd å få til med ein meters avstand. Dette vil redusere behovet for parkeringsplassar og fare for hindringar for nødvendig nyttetrafikk.
Vi ønskjer alle ein kjempeflott og problemfri Stikk UT!-sesong!
Ta gjerne kontakt med oss om de vil høyre meir om oppstarten.
Sunnmøre; May Britt Haukås, tlf. 977 09 653
Nordmøre og Romsdal; Marte Melbø, tlf. 47 25 20 12