Det tilrådde nivået er 1,75 % av driftsinntektene og netto driftsresultat ligg dermed kr 2,1 mill. over det tilrådde nivået.
Dei frie inntektene vart kr 49,5 mill. høgare enn justert budsjettert. Dei største budsjettavvika kjem av kr 26,4 mill. i auka rammetilskot. I tillegg kjem kr 9,8 mill. frå høgare inntekts- og formuesskatt enn budsjettert og kr 18,7 mill. i auka sjukerefusjonar.
Netto finansutgifter vart kr 2,3 mill. lågare enn budsjettert.
Totalt i 2021 har kommunen motteke kr 23,3 mill. i koronastøtte til drift. Tenestene (seksjonane og stabane) hadde eit netto meirforbruk på kr 0,6 mill. etter kompensasjon for koronautgifter.
Fleire detaljar kjem i årsrekneskapen og årsmeldinga som vert lagt fram for politisk behandling seinare i år. Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.