Pressemelding: Destinasjon Ålesund og Sunnmøre - Ny reiselivssjef

Tom Anker Skrede - reiselivssjef DÅS.jpg

Tom Anker Skrede (41) er tilsett som ny reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, etter Geir S. Vik som fråtrer stillinga 30. juni for å begynne som ny administrerande direktør i Aalesunds Fotballklubb 

Skrede kjem frå stillinga som Marknadssjef i destinasjonsselskapet, ei stilling han har hatt sidan januar 2013. Tom Anker Skrede er utdanna Diplommarknadsførar med spesialisering innan Marknadsføring,

Internasjonalisering og Leiing frå Norges Markedshøyskole (NMH). Skrede kjenner destinasjonsselskapet godt, og har god kjennskap til reiselivsnæringa både lokalt og dei ulike samarbeidspartnarane i inn- og utland. Tom har gjennom fire år i selskapet gjort ein god jobb, og det ligg godt til rette for å kunne vidareføre selskapet og reiselivet i ei god retning framover under Skrede si leiing.

Vi fekk mange gode søkarar til stillinga, og styret har leia ein prosess fram til tilsettinga. I Tom Anker Skrede får vi ein dyktig leiar som kjenner reiselivet godt, og vi er svært tilfreds med tilsettinga av ny reiselivssjef, sei Bjarne Rekkedal styreleiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Tom Anker Skrede uttalar at fokuset framover blir å halde fram utviklinga og posisjonen av selskapets merkevare, men viktigast av alt regionens merkevare som ”The Adventure Capital of the Fjords”. Dette får vi best til gjennom samarbeid og lik forståing mellom alle partar og involverte i reiselivet på Sunnmøre. Vi har ein heilt unik og spektakulær region for turisme, men produkt og destinasjonar må framleis utviklast med felles mål, strategiar og forståing om vi også i framtida skal være blant de beste reisemåla i verden, sei den nye reiselivssjefen.

Kontaktpersonar:

Bjarne Rekkedal                                                                             Tom Anker Skrede

Styreleiar                                                                                          Reiselivssjef

Tlf 952 22 679                                                                                   Tlf: 909 87 698

E-post: rekkedal@online.no                                                     E-post: tom.skrede@visitalesund.com

Følg oss