Pressemelding - 800 000 nordmenn treng nytt Europeisk helsetrygdkort i år

Helsetrygdekort.jpg

Europeisk helsetrygdkort hjelper kvart år tusenvis av norske turistar på ferie i EØS-land. Kortet varer i tre år. For tre år sidan vart det skrive ut 800 000 kort. Desse må fornyast i 2016. 

 - Bestill kortet gratis på nettsida helsenorge.no før du dreg på ferie, oppmodar fungerande avdelingsdirektør Marit Winther Abrahamsen ved Helfo servicetenester.Helfo Marit Winther Abrahamsen.jpg

 

Ved å vise fram helsetrygdkortet hos offentlege legar eller på offentlege sjukehus, har du rett til dekning av naudsynt helsehjelp i eit anna EØS-land på same vilkår som statsborgarane i det landet du ferierer i. Du må betale same eigendel som innbyggjarane der.

Berre i EØS og Sveits

Europeisk helsetrygdkort er eit plastkort på storleik med eit vanleg bankkort. Det gir deg tryggleik for at du får naudsynt helsehjelp i alle EØS-land og i Sveits.

Vær merksam på at kortet ikkje gjeld i Tyrkia og i den tyrkiske delen av Kypros, då desse ikkje er EØS-land. Der er det berre reiseforsikring som gjeld.

– Vi tilrår alle å også ha ei privat reiseforsikring, blant anna fordi helsetrygdkortet ikkje dekkjer heimtransport, seier Winther Abrahamsen.

Bestill på helsenorge.no

På helsenorge.no kan du bestille kortet og lese meir om rettane det gir. Dersom du ikkje har høve til å bestille kortet hos helsenorge.no, kan du ringe 800HELSE (800 43 573).

Dei som allereie har eit helsetrygdkort, bør sjekke utløpsdatoen på kortet og sjå om dei treng å bestille eit nytt.

-For å få helsetrygdkort, må du i utgangspunktet vere medlem i folketrygda og vere statsborgar i eit EØS-land. Kortet er gratis og gjeld for tre år. Når du har hatt kortet i tre år, må du bestille eit nytt, understrekar Winther Abrahamsen.

Alle i familien må ha kvart sitt helsetrygdkort på reise. Når du bestiller, kan du samstundes bestille til ektefelle og barn.

Ta med deg eit telefonnummer

Leveringstida for helsetrygdkort er normalt 10 dagar, men ofte tek det kortare tid.

– Rekk du ikkje å få kortet før du reiser på ferie, noterar du deg telefonnummeret 00 47 33 51 22 80. Ring dette nummeret om du treng medisinsk behandling på ferie i eit EØS-land. Helfo vil då sende ein «hasteblankett» til sjukehuset eller legesenteret du er på, forsikrar fungerande avdelingsdirektør Marit Winther Abrahamsen i Helfo servicetenester.

 

Meir informasjon:www.helsenorge.no

 Helfo-logo.jpg

Følg oss