Pressemelding: 7 kommunar på søre Sunnmøre har sluttført felles databaseprosjekt.

Isbjørnar.jpg

Rådmannsgruppa på søre Sunnmøre fekk den 10.6 presentert sluttrapport frå eit fellesprosjekt innan pleie- og omsorgstenester for kommunane på søre Sunnmøre. Prosjektet byrja våren 2014 og vart ferdigstilt rundt årsskiftet i år.  

Prosjektet har fått skjønnsmidlar frå Fylkesmannen både i 2014 og 2015. Hovudmålet har vore å bygge ei felles plattform for datasystemet Gerica og elektronisk meldingsutveksling via Norsk Helsenett, lage felles drift og beredskap, kodeverk, rutinar og bruk, innan våre 7 kommunar. Auka kunnskap om rett forvaltning, sakshandsaming og dokumentasjon, har også vore viktige element.  

Det har vore lagt ned eit stort arbeid både frå leverandør, frå SSIKT driftssenter og ressurspersonar i den enkelte kommune, for å kome i mål, innan fastsett tidsfrist og kostnadsramme. Det er få eller ingen kommunar i Norge som har gjennomført eit slikt koordinert prosjekt, og våre 7 kommunar har difor nyttige erfaringar å dele med andre. Kommunane har fått ei god plattform og gode verktøy for vidare arbeid. Mobil pleie er i same periode innført i alle 7 kommunar, og vil bli breidda ut i fleire tenester fortløpande. Kommunane skal no etablere dei nye rutinane inn i eigen organisasjon for varig drift. For utfyllande informasjon viser vi til sluttrapporten.

Vi er stolte over det arbeidet som er lagt ned frå alle aktørar !

Evelyn Haram Larsen,

Prosjektleiar

Følg oss