Positiv avgjerd i motsegnssak - Områderegulering for Ørsta sentrum

Kommunal- og moderniseringsdetpartementet (KMD) har ikkje teke motsegnene Fylkesmannen i Møre og Romsdal la ned til områdeplanen for Ørsta sentrum til følgje.

I gågata: assisterande kommunedirektør Eldar Øye, seksjonsleiar tekniske tenester Ivar-Otto Kristiansen, einingsleiar plan og miljø Gunnar Wangen, planleggjar Matias Kårstad og ordførar Stein Aam. Foto: Maria Engeseth  

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fremma motsegn til planframlegget i juni 2018 då han meinte omsyna til vegtrafikkstøy ikkje var tilstrekkeleg avklara. Ørsta kommune gjorde fleire grep i planen for å imøtekome Fylkesmannen, men ein vart ikkje samde om alle punkta og motsegna vart følgjeleg ikkje trekt. Ørsta kommunestyre vedtok områdeplanen 20.06.19, men bustadføremål i støysonene vart unnateke frå rettsverknad i påvente av avklaring av motsegnene. Planen vart vidare sendt til KMD for endeleg avgjerd. Det er denne avklaringa som no ligg føre.

Avgjerda gjer at områdeplanen no er gjeldande på alle punkt, slik Ørsta kommunestyre har vedteke den. Sentralt i motsegna frå Fylkesmannen var at ein måtte stille krav til detaljreguleringsplan før ein kunne etablere t.d. bustadar innanfor støysonene. Kommunen meinte dette ville vere unødig strengt for dei byggjeområda det gjeld, og meinte støytilhøva kunne dokumenterast tilstrekkeleg ved søknad om tiltak. KMD seier seg samd i at støy anten bør utgreiast fullstendig på områdeplannivå, eller at ein bør stille krav til detaljreguleringsplan, men meiner likevel at dei grepa kommunen har foreslått gjer at støyomsyna er tilstrekkeleg ivaretekne. KMD legg då vekt på kommunen sin argumentasjon om at dei aktuelle byggjetomtene er relativt små, og at ei detaljregulering såleis ikkje gjev vesentlege fordelar i høve det ein kan ivareta på byggjesaksnivå.

- Raskare og billigare å etablere sentrumsbustadar.

Kommunaldepartementet si avgjerd betyr at bustadprosjekt kan få avklare naudsynte støytiltak direkte i byggesaka, og slepp å gå vegen om ei tidkrevjande og fordyrande reguleringssak. Dette gjer det både raskare og billegare å etablere sentrumsbustadar enn om motsegna hadde vorte teken til følgje.

- Reguleringsplanen er heilt sentral i kommunen sin strategi for sentrumsutvikling. Målsettinga om ein levande og innhaldsrik bygdeby føreset at vi også får til gode bumiljø i sentrumsgatene. Det at Ørsta kommune har vunne fram med sitt syn vil ha stor betyding for eigedomsutviklarar i sentrum, seier assisterande kommunedirektør Eldar Øye i ein kommentar.  

Les avgjerda frå KMD

Følg oss