Politiet til føresette: – Gjer tydelege avtalar med barna og ungdomane

Politikontaktene saman med ordførarane i Volda og Ørsta. F.v. Oddbjørn Myklebust, politistasjonsjef, Sølvi Dimmen, ordførar i Volda, Stein Aam, ordførar i Ørsta og Pål Inge Olsen, forebyggende koordinator. Ingvild Marie Taraldset

I ei sommarhelsing gir politiet i Volda og Ørsta råd til alle som har barn i grunnskulen.

Snart er det sommarferie, og politiet på Søre Sunnmøre vender seg no til dei føresette i eit brev.

Det kan vere lettare for barn og unge å ta gode val i sommar dersom føringane heimanfrå er tydelege. Det strekar politiet under i brevet. Kommunane sender ut brevet denne veka.
 

– Ta telefonen, også om natta

Politiet peikar på tre tema som dei føresette må vere spesielt merksame på: trygge rammer, skadeverk og rusmiddel.

– Ver tilgjengeleg, lag avtalar med andre foreldre om henting og ta telefonen når den ringer, også om natta, er eitt av råda politiet gir om det å lage trygge rammer.

Om skadeverk skriv politiet:

– Lediggang aukar sjansen for å oppsøke spaning gjennom rampestrekar, eller verre, gjennom ulovleg åtferd. Vi oppmodar vaksne om å vere til stades på dei arenaene der barn og unge oppheld seg.

Politiet skriv også at haldningane til narkotiske stoff endrar seg blant unge.

– Det må ikkje vere tvil om at kjøp, sal, oppbevaring og besittelse av narkotika er straffbart, skriv politiet i sommarhelsinga.
 

Ønsker kontakt med dei føresette

Politikontaktene Oddbjørn Myklebust (politistasjonssjef) og Pål Inge Olsen (forebyggende koordinator) har skrive under brevet.

Dei ønsker alle ein trygg og god sommar – og oppmodar føresette om å kontakte politiet viss dei kjem borti noko uheldig eller kriminelt.

– Sommaren er ei tid der politiet blant anna prioriterer nærvær og oppsøkande arbeid ute blant unge som har skulefri og ferie. Vi ønskjer å vere eit politi det skal vere lett å kome i kontakt med, heiter det i sommarhelsinga.

 

Her kan du laste ned sommarhelsinga frå politiet i Volda og Ørsta (PDF, 235 kB)

Følg oss