Planlegging av utvida mobildekning i Skjåstaddalen er i gong

Dekning.png - Klikk for stort bilete

Ørsta kommune og Telenor har inngått ein avtale om utbygging av mobildekning i Skjåstaddalen. Ørsta kommune tilfører kr 1 050 000.- eks.mva for å få utført utbygginga.

Utbygginga skal etter avtalen vere fullført seinast 1. september 2018. Prosjektet er i rute og torsdag 14. desember har kommunen og Telenor neste statusmøte, for å sjå til at utbygginga kan gjerast etter planen og gjennomførast så raskt som råd.  

Sist endra 30.11.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering