Pensjonistavslutning 2023

Flotte gjeng: Pensjonistane som hadde høve å møte til avslutninga, i tillegg til kommunedirektøren, kommunalsjefane, personalsjefen og varaordførar. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset


I tradisjon tru, vert det på slutten av året heldt avslutning for pensjonistane våre i Ørsta kommune. Her får våre flotte tilsette som i løpet av året har gått av med pensjon, sin velfortente heider. 

I år har vi 21 tilsette som har eller skal gå av med pensjon, og alle vart inviterte til kaffi, kaker og feiring i kantina på rådhuset måndag 11. desember. Det vart heldt talar og kulturskulen stod for underhaldninga. 

Øyvind Robakk på fiolin, Hans Robert Bondhus på cello, Sanna Azora Mork Myklebust på piano og Oline Krøvel sang. Ørsta kommune


Dei tilsette i kommunen får ein krystallvase som kommunal avskilsgåve når dei går av med pensjon.  

Dei som var til stades på markeringa:
Dagrun Olava Haugen
Gunnar Magne Knutsen
Guttorm Øye
Harald Nupen
Henny Berit Sætre
Hilde Flotve Mo
Ida Brudevoll
Petra Krøvel
Solveig Krutnes
Steffen Nordang
Stein Aam
Unni-Karin Aam
 

Ørsta kommune Ørsta kommune

Følg oss