Pensjonistavslutning 2021

I år har vi 36 tilsette som har gått av eller skal gå av med pensjon. Alle vart inviterte til kaffi, kaker og feiring på Ørsta kulturhus tysdag 7.desember. Kulturskulen stod for musikalske innslag på festen. Både ordførar, kommunedirektør og konstituert personalleiar var med på feiringa.  

"Ørsta kommune har gleda av å få gjere litt ekstra stas på trufaste medarbeidarar som i løpet av 2021 går over i ein ny fase av livet. Ei fase som for nokon er etterlengta og vert kjærkome teke i mot, medan det for andre kan føre til utfordringar ein kanskje ikkje var heilt budde på. Men akkurat no skal vi få lov til å ta vare på denne stunda, og saman gjere ho til eit godt minne som de kan ta med dykk inn i pensjonistkvardagen", sa konstituert personalleiar under markeringa.

Dei tilsette i kommunen får ein krystallvase som kommunal avskilsgåve når dei går av med pensjon.  

Vi takkar:
Anita Andrianjafintrimo
Ansgar Kvistad
Arnstein Ose
Astrid Sekkesæter
Aud Winther
Bente Riise Stokke
Bjørg Grinde
Else Irene Eilefsen Bjørkedal
Grethe Nytun Lianes
Inger Margrete Mo
Ingunn Løvik Nygård
Ivar Svein Moe
Kirsti Hånes Vartdal
Kirsti Øy Driveklepp
Lillian Sætre Nerland
Margreta Aklestad
Marit Solevågseide
Oddny Flugekvam
Reidun Bjørke
Svein Arne Øye
Sylvi Korsfur
Unni Digernes
Åshild Steinnes
Dagrun Kvalsund
Marit Torgersen
Oddbjørn Aam
Oddny Palma Buset
Ragnhild Frøland
Gunnar Gaustad
Ann Iren Pedersen
Anne Marthe Ruud
Grethe Hovdenakk
Leikny Urke
Lina Lillian Auflem
Lindis Vadstein
Signe Krøvel
 

Følg oss