Pensjonistavslutning 2020

Avskilsmarkering 2020 Foto: Maria Engeseth  

I tradisjon tru, vert det på slutten av året heldt avskilsmarkering i Ørsta kommune. Her får våre flotte tilsette som i løpet av året har gått av med pensjon, sin velfortente heider.

I år har vi 22 tilsette som har gått av eller skal gå av med pensjon. Alle vart inviterte til kaffi, kaker og feiring på Ørsta kulturhus tysdag 8.desember. Kulturskulen stod for musikalske innslag på festen. Både ordførar, kommunedirektør og konstituert personalleiar var med på feiringa.  

"Ørsta kommune har gleda av å få gjere litt ekstra stas på trufaste medarbeidarar som i løpet av 2020 går over i ein ny fase av livet. Ei fase som for nokon er etterlengta og vert kjærkome teke i mot, medan det for andre kan føre til utfordringar ein kanskje ikkje var heilt budde på. Men akkurat no skal vi få lov til å ta vare på denne stunda, og saman gjere ho til eit godt minne som de kan ta med dykk inn i pensjonistkvardagen", sa konstituert personalleiar under markeringa.

Dei tilsette i kommunen får ein krystallvase som kommunal avskilsgåve når dei går av med pensjon. I tillegg fekk til saman 12 av årets pensjonistar også med seg KS sitt heidersmerke og diplom. Dette vert tildelt tilsette som har meir enn 25 år i kommunal/fylkeskommunal teneste.

Vi takkar:

(Dei som er utheva fekk også KS sitt heidersmerke).

Torbjørn Slettedal
Elias Øye
Gunnar Lyshagen
Sigrun Hjellen
Oddny Solhaug Hovde
Jorun Vatne
Marianne Røed
Ingvild Berthelsen Redse
Torild Storfjord
Ingar Amdam
Johanne Øvregaard
Sylvei Glomset Ørstavik

Jarle Nupen
Irina Berlina
May Lise Ludvigsen
Solfrid Solhaug
Velaug Grønnevet Dragnes
Jostein Mo
Tove Brautaset Yksnøy
Hilde Fransdatter Breivik
Evy Karin Olsen
Inge Færø

Kaffi, kaker og feiring på kulturhuset. Foto: Maria Engeseth  

Følg oss