Pensjonerte tilsette fekk sin velfortente heider

Avskilmarkering pensjonistar 2017.jpg

Dette flotte knippe av menneske gjekk i løpet av 2017 av med pensjon. Dei fekk sin velfortente heider for deira teneste i Ørsta kommune. 

Markeringa starta med talar og musikkinnslag frå kulturskulen. Det var dekka til kaffi, kaker og høgtideleg  feststemning. Frå kommunen var det overrekt ei kommunal avskilsgåve (vase). Dei som har minst 25.års tenestetid i kommunen fekk også tildelt KS sitt heidersmerke. 

Ordførar Stein Aam takka pensjonistane for at dei har vore med på å bygge opp Ørsta kommune til det kommunen er i dag. - "Eg og resten av kommunestyret er audmjuke og har stor respekt for den jobben de har lagt ned. Eg takkar dykk for arbeidet." 

Dei som var til stade og fekk utdelt kommunal avskilsgåve (vase) står i lista under, dei namna som er utheva fekk i tillegg utdelt KS sitt heidersmerke:

Sonja Nilsen Barnehage
Torill Longva Brautaset Barnehage
Åse Bjørnerem Vatne Eigedom
Aud Marit Sandvik Omsorg og rehab
Brit Berstad Omsorg og rehab
Inger Elise Gretland Omsorg og rehab
Randi Vadstein Wettre Personal
Hildegunn Ose  Skule
Einar Ytre-Hauge Teknisk
Leif Inge Winjevoll Teknisk/uteseksj.
Åge Osvoll Tekniske tenester
Karin Hjorthaug Barnehage
Randi Breivik Bu og habilitering
Åshild Sætre Eigedom
Roger Nedreklepp Landbruk
Kari Årsnes  Omsorg og rehab
Olaug Aarseth Omsorg og rehab
Anne Langva Skule
Astrid Ose Silseth Skule
Ragnhild Kjeldseth-Moe Skule
Sissel Strand Skule
Tormod Aklestad Tekniske tenester
Martha Aa Standal Skule
Sigrunn Myklebust Økonomi
Svanhild Slettedal Omsorg og rehab
Kjell Haugen Eigedom
Mai-Lis Leknes Omsorg og rehab

Følg oss