Parkering på Standaleidet
Parkering i vegkanten på Standaleidet vert eit hinder for trafikk og utrykkingskjørety. Foto: Jørund Standal
Det er flott at mange nyttar det fine vinterveret til å gå på ski og skøyter på Standaleidet, men som følgje av dette har parkering i vegbana vorte eit problem.
Parkering i vegbana hindrar større køyrety og personar som har vegen over Standaleidet som arbeidsveg. I verste fall vert det eit beredskapsproblem dersom det blir behov for å rykke ut med brannbil.
Vi ber om at de brukar parkeringsplassen ved innkjøringa til Standalhytta. Denne vart opprusta i 2020 og er 200 meter lang med god kapasitet. Framover skal vi brøyte breiare vegkantar slik at det vert moglegheit for kantparkering når parkeringsplassen er full. Parkering i vegkanten er på eige ansvar, ver merksam på at det kan vere høgdeskilnad. Sørg for at du står langt nok ut av vegbana slik at bilen din ikkje er til hinder for annan trafikk og utrykkingskøyrety.
Publisert 06.01.2021 15:40