Legekontora får flytte inn først
Det er framleis ganske tomt inne, men dei neste vekene skal dei tomme romma i Vallamarka fyllast med møblar, maskiner, folk og liv. "Vi gler oss stort til å ta i bruk bygget og styrke helsetenestene våre", seier seksjonsleiar for Helse og velferd, Knut Åmas.
Han kan fortelje at legekontoret vil flytte inn i dei nye lokala allereie 2. mars. Frå 5. mars vil det etter planen vere full aktivitet på legekontoret i Vallamarka. Meir om dette, kan du lese her:
Snart på plass i Vallamarka - legane flyttar inn
Funksjonelt, fint og innbydande
Vallamarka er både eit veldig funksjonelt bygg som skal romme fleire viktige funksjonar som t.d. legekontor, legevakt, omsorgsbustader og hjelpemiddellager, men det er i tillegg eit veldig flott bygg. Det som møter deg i første etasje, der legekontora og legevakta held til, er ei fin blanding av reine flater, levande treverk, duse fargar og nokre varme glimt av sollys. Vallamarka er innbydande. Det skal ikkje berre huse sine viktige funksjonar, men det skal også vere ein behageleg plass å vere.
Dei aller fleste i Ørsta kommune vil få god nytte av det nye helsehuset Vallamarka. Anten du er brukar, pasient, bebuar, tilsett eller pårørande, så kjem du til å oppsøke funksjonane som høyrer til i det flotte nybygget. Her får du sjå litt av det du kan forvente når dørene i Vallamarka opnar:
(trykk på bileta for å gjere dei større)





