Overtaking av Ørsta velferdshus

No har kommunen overteke Ørsta velferdshus i Dalevegen 24 frå Ivar Aambakk AS, som har leia byggeprosjektet. Vi gratulerer alle i Ørsta kommune med eit flott nytt velferdshus!

 

No skal ergo, fysio og friskliv, helsestasjonen og heimebasert omsorg (HBO) flytte inn i bygget. Einingane gler seg til å flytte til nye lokalar og bli samlokaliserte. Det blir felles resepsjon og venterom i hovudetasjen, det ser spesielt ergo, fysio og friskliv fram til sidan dei ikkje har hatt betjent resepsjon tidlegare.

- Vi på ergo, fysio og friskliv gler oss til å flytte til nye lokalar og til å bli samlokaliserte med fleire gode samarbeidspartar for våre tenester. Berre det at pasientar på dagtid måndag til fredag ikkje risikerer å kome til låst dør er eit høgdepunkt for oss. Vi gler oss til eit betre utbygd digitalisert system og ser mange gode framtidsretta moglegheiter, seier Ragnhild Svensli som er einingsleiar for ergo, fysio og friskliv.

Det er enno ein del som gjenstår før bygget offisielt kan opnast. Dei komande vekene skal bygget møblerast og einingane skal flytte inn. Går alt etter planen kan Ørsta velferdshus opne dørene i fyrste halvdel av mars. 

Følg oss