Torsdag 6. mai møttest brukarrepresentantane i Rådet for likestilling av funksjonshemma (RFF) i Ørsta saman med leiar Karen Høydal til eit digitalt møte med fem representantar frå Funksjonshemmedes Fellesorganiasjon (FFO) og SAFO (Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner). Målet var at ørstingane skulle komme med tankar til kva eit nytt opplæringsopplegg for rådsmedlemer i kommunale råd skulle innehalde.
"Kvifor vil FFO ha med Rådet for likestilling av funksjonshemma i Ørsta i eit nasjonalt prosjektarbeid?"
"FFO ønskjer å lage eit opplæringsopplegg for dei kommunale råda slik at desse skal bli godt kvalifisert til å arbeide for likestilling av funksjonshemma i eigen kommune," seier Vigdis Endal, prosjektleiar i FFO.
"Når vi har invitert rådet i Ørsta til ein samtale i startfasen av dette prosjektet, er det fleire grunnar til det. For det eine har vi valt råd i kommunar som er ulike i storleik. I tillegg er vi tipsa om at Ørsta har eit godtfungerande råd. I vårt arbeid trur vi det er mest å hente av innspel frå eit råd med brei erfaring frå ei aktiv rolle lokalt. Vi treng tips til kva som vil fungere i ein opplæringssamanheng. Eit slikt prosjekt må treffe målgruppa dersom vi skal nå målet for «Gode råd – kunnskap for likestilling». FFO er opptatt av å nå alle brukarrepresentantane. Derfor har vi invitert med både SAFO og Unge funksjonhemmede i prosjektet. Vår oppleving var at vi fekk mykje ut av samtalen med rådet i Ørsta," fortel Vigdis Endal.
Ho deltok på det digitale møtet saman med seniorrådgjevar i FFO Åsta Tale Strand, fylkessekretær i FFO Innlandet Arne Hansen, fagleg leiar ved FFO sitt rettigheitssenter Live Kroknes Berg og dagleg leiar i SAFO Janne Skei. I Ørsta møtte leiar Karen Høydal, nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes, Mariann Skare, Eirin Stenersen. Per Ludvik Sandnes, Toril Langlo og Ingvild Aambakk.
Matnyttig
I halvannan time utveksla ørstingane sine tankar om kva nye rådsmedlemer har bruk for å lære, når ein vert valt til å sitje i Rådet for likestilling. I starten er det mykje som er nytt, og då er det gjerne lurt at dei rådsmedlemene som har vore med ein periode før, kan vere mentor for dei nye som kjem inn.
"På dei første møta kan det vere mange ord og uttrykk som er nye for dei som ikkje har vore med i politiske fora tidlegare. Difor er det flott at ein som nyvalt råd fekk vere med på folkevaltopplæringa som Ørsta kommune hadde ved oppstarten av ein ny firårsperiode for både politikarar i kommunestyret og for brukarrepresentantane i RFF," sa nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes.
Ho representerer Norsk cøliakiforening (NCF) i rådet, og er også innvalt som politikar i kommunestyret. Hjørdis var også oppteken av at råda bør få nokon til å ta fotoknips av seg, og så sende ut bilde og litt info om rådet når ein startar opp ein ny firårsperiode. På den måten gjer ein det enklare for alle å ta kontakt med rådsmedlemene for å snakke om saker som opptek dei lokalt.
Årsmeldingane
"Dette at rådsmedlemene kan få opplæring i det kommunale planarbeidet og økonomiarbeidet, er viktig, og at dei veit korleis den kommunale heimesida er oppbygd. Elles ligg det mykje god læring i det å lese dei siste årsmeldingane til RFF", understreka Toril Langlo. Ho er vara til RFF og leiar for eldrerådet.
"Elles må vi hugse på at dette at ikkje alle er så digitale, kan vere eit hinder for at dei stiller seg til disposisjon som brukarrepresentantar til Rådet. Det er mange tersklar i dagens samfunn, og her snakkar vi om å tilby digitale opplæringar. Kva då med dei som ikkje er digitale?" Undra Mariann Skare.
Både dei som var tilkopla møtet digitalt og dei som sat samla til møte i Ørsta, syntest at det digitale møtet gav dei matnyttige tankeutvekslingar.
Statsforvaltaren
"Det ein kan undre seg litt over, er at Statsforvaltaren gjerne kjem med motsegner i ulike saker, og det er bra, men det kjem sjeldan motsegner på det som går på universell utforming. Her har statsleddet vårt ein del å gå på, med å vere på hogget når det gjeld gode utformingar på alle felt", understreka leiar Karen Høydal.
Janne Skei spurte ørstingane om dei fekk gjennomslag for sakene sine. I siste årsmeldinga til RFF i Ørsta så har ein med ei oversikt over saker som er ferdig behandla, saker som er under behandling og saker som ein ikkje heilt har status på pt. På den måten er det enklare for Rådet å sjå om ein får gjennomslag for dei sakene ein arbeider med.
Testpilotar
Karen Høydal er inne i sin tredje rådsperiode no. Har vi kome eit steg vidare på desse åra? - Ja, det er det berre brukarane som til dagleg opplever utfordringar og unødige tersklar som kan svar på. RFF har arbeidd for å få universell utforming inn i alle planar og tiltak.
Våren 2022 er truleg dette kurset som no er i sin spede start klart for å verte teste ut Kanskje kan RFF i Ørsta vere testkommune for det nye opplæringskurset? Undra dei som no framover skal utarbeide det nye opplæringsprogrammet.
"Klart vi kan! Kom det unisont frå Ørstagjengen."