Ørstaskulen i det 21. århundre – eit framtidsbilete av elevane sin kvardag

Velkomne til verkstad

Fleire av Ørsta kommune sine skulebygg står framfor omfattande oppjustering i form av nybygg eller ombygging. Måten bygga vert utforma på, vil ha stor innverknad på kva læringsmåtar det vil vere mogleg å arbeide med i elevgruppene.

Arrangørar: t.v Toril Romestrand Hjelle, Kari Flø og Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule.

For å skape eit godt framtidsbilete på korleis vi ynskjer elevane sin kvardag i skulen skal vere, arrangerar Ørstaskulen idèverkstad. Den første av i alt to verkstadar var måndag 23. april. Her var både elevar, føresette, politikarar, organisasjonar og tilsette i Ørsta kommune inviterte til idèdugnad.


I mai vil ein invitere nokre av deltakarane på denne verkstaden på synfaring på nokre nybygde skular i andre kommunar for å sjå korleis andre har tenkt rundt skulebygga sine. Måndag 18. juni vil vi samle inntrykka frå den første verkstaden og synfaringa, og arbeide oss fram til kva berande prinsipp som må råde ved nybygg og rehabilitering av skulebygg i Ørsta kommune i framtida. Dette vil danne grunnlaget for den vidare planlegginga.


Programmet måndag 23. april:

Mål for økta: Samle flest mogleg idèar og innspel til kva krav ulike læringsmåtar vil stille til framtidige skulebygg, inkludert uteområda, i det 21. århundret.

Desse innleidde:

  • Rådmann Wenche Solheim om bestillinga for nye skulebygg frå kommunestyret
  • Synnøve Amdam frå Høgskulen i Volda om 21-century skills og fagfornyinga fram mot ny læreplan gjeldande frå hausten 2020
  • Sindre Sandbakk om prinsipp i ny overordna del for nytt læreplanverk
  • Skulekontoret om nye statlege føringar for grunnskulen og nye signal om tilpassa opplæring og spesialundervisning

Gruppearbeid:

Etterpå diskuterte gruppene korleis det vil kjennest om ein kjem inn i ein inkluderande skule der prinsippa frå innleiarane ligg til grunn; Kva ein ser og høyrer, kva ein føler, kva som skjer, korleis det ser ut i gangar, klasserom og uteområde, - i det heile kva fundament vi ynskjer for Ørstaskulen i dei neste tiåra.

Gruppene arbeidde entusiastisk, og alt dei kom fram til vart skrive inn i eit felles dokument i Google på Chromebooks. Etterpå delte gruppene i plenum kva dei hadde kome fram til. Svært mange gav uttrykk for at det hadde vore ein interessant, lærerik og kjekk verkstad.


Følg oss