Illustrasjon av bemanningsnorma. Udir.no
Ørsta kommune har arbeidd systematisk for å imøtekome dei nye normene for grunnbemanning og pedagogisk bemanning i barnehagen. Alle barnehagar i kommunen, både dei store, små, kommunale og private held seg innanfor både den nye bemanningsnorma og den skjerpa pedagognorma, som vart sett i verk frå 1. august 2018.
Halvparten klarte ikkje å innfri i 2017
Udir.no (trykk på biletet for å gjere det større).Vel halvparten av barnehagane i landet klarte ikkje å innfri dei nye krava om bemanning per desember 2017, skriv Utdanningsdirektoratet.
Den same artikkelen fortel at 7 av 10 barnehagar på landsbasis må tilsette nye pedagogiske leiarar for å imøtekome dei skjerpa krava i pedagognorma.
Av figuren kan vi sjå at tala frå desember 2017, viser at 71,6 % av barnehagane i landet ikkje oppfylte den skjerpa barnehagelova på dåverande tidspunkt.
I Ørstabarnehagen er minimumskravet på plass.
Ørstabarnehagen lytta til signala frå fylkesmannen og departementet
Leiar for seksjon barnehage, Reidun Mo, er stolt av jobben som er lagt ned.
Vi i Ørsta har arbeidd mot dette i fleire år, sidan vi fekk vite at ny pedagognorm skulle bli vedteke i 2020. Kommunen har i samråd med organisasjonane erstatta assistentar som har gått av med pensjon eller slutta av andre årsaker, med barnehagelærarar i 100% stilling. Det har vore tydelege signal frå fylkesmannen og departementet at auken måtte skje over fleire år, for å unngå å bli overraska av dette i 2019, seier Mo.
Det viste seg å vere klokt å lytte til signala frå fylkesmannen. Allereie 31. mai 2018 vart både ny bemanningsnorm og pedagognorm vedteke i Stortinget. Pedagognorma vart altså flytta fram frå 2020 til å gjelde allereie frå 01.08.2018. Barnehageeigar kan nytte perioden fram til 1.august 2019 til å oppfylle kravet til grunnbemanning. Sjå https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2018-06-08-828
Hadde vi ikkje gjort dei grepa vi gjorde tidleg i prosessen, ville vi truleg stått med ei skeivfordeling mellom assistentar og pedagogar i høve dei nye normene. Dette ville ført med seg store kostnadar. Det målretta arbeidet som er gjort, gjer at vi i dag har god nok dekning og fordeling av tilsette i Ørstabarnehagen.
Kort om pedagognorma:
|
Kort om bemanningsnorma:
|
- Skjerpa frå 1. august 2018
- Minst 1 pedagogisk leiar per 7 born under 3 år
- Minst 1 pedagogisk leiar per 14 born over 3 år
Borna reknast som 3 år frå 1. august det året dei fyller 3 år. Før skjerpinga var kravet 9 og 18 born per pedagogisk leiar.
Les heile forskrifta på lovdata.no.
|
Minimumskrav om grunnbemanning i barnehagen
- Frå 1. august 2018 med frist om å innfri innan 2019
- Minst 1 tilsett per 3 born under 3 år
- Minst 1 tilsett per 6 born over 3 år
Les heile forskrifta på lovdata.no.
|
Pedagognorma vart altså flytta fram frå 2020 til å gjelde allereie frå 01.08.2018. Barnehageeigar kan nytte perioden fram til 1.august 2019 til å oppfylle kravet til grunnbemanning.
Sjå https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2018-06-08-828