
Ørsta er no inne i ein aktiv utbyggingsperiode, og tenkjer samtidig vidare utvikling. Dette er spennande tema som hamneutvikling og hamnedistrikt, samferdsel på land og til sjøs, næringsfond, flyplass, industri/ næring og havrommet. Derfor ser vi etter idear og gode erfaringar frå andre stadar. "Flora har vore aktive, har same storleik i folketal og ligg ikkje så langt unna, så dette ser eg fram til", seier ordførar Stein Aam.
Rolf Magnus Sundgot, Per Ivar Lied, Per Are Sørheim og Odd Magne Vinjevoll (Næringskontoret) er også med.
Agenda:
1. Hurtigbåt/ båtruter i Florabassenget.
-
Kommunen si involvering. Båtruter/organisering/kostnad.
-
Drøfting.
2. Hamnedistrikt. Informasjon. Organisering. Økonomi.
3. "Ørstabilde" - Ørsta kommune.
4. Næringsfond. Informasjon. Vedtekter. Organisering. Erfaringar
5. Industriutvikling og tilrettelegging – kva har vi gjort.
6. Idrettshall - erfaringsutveksling.
7. Flyplass – erfaringar med flyplassane og ruteopplegg.
8. Havrom – presentasjon frå Flora.
9. Båttur frå Fugleskjærskaia kl. 14:30 – 15:45. Båturen går til Rognaldsvåg/ Kinn, retur Fugleskjærskaia.