Opprusting av Svendsenhagen – starten på «nye Ørsta Sentrum»

Terrassering av hagen i Svendsengarden. I bakgrunnen ser vi støttemuren og den grøne hekken, som skjermar av for E39 og parkeringslomma ved Torggata.

 

Arbeidet med utforminga av «nye Ørsta sentrum» har starta. Det første større byggeprosjektet omhandlar opprusting av Svendsenhagen, buldrevegg, sykkelskur og bygging av nye busslommer ovanfor Svendsengarden. Målet med opprustinga er å skape eit meir attraktivt sentrum og ei levande Vikegate.

Utviklingsplan Ørsta sentrum


Fredag 5. januar heldt kommunen offisiell markering av startskotet i høve utviklingsplanen og utforminga av «nye Ørsta sentrum». Planleggar Gunnar Wangen, poengterar at dette er eit symboltungt augneblink. - "Målet med å ruste opp Svendsenhagen er for å gjere dette til eit meir attraktivt og aktivt «byrom», noko som skal bidra til å styrkje Ørsta sentrum generelt og revitalisere Vikegata spesielt", seier han. 

 

Kva inneber opprustinga?

Det skal byggast terrassar frå hagen og ned mot Vikegata, som på øvste biletet. Nivåa skal utviklast som serveringsareal for Fru Svendsen, i tillegg til å bli nytta som tribune og scene for ulike underhandlingsarrangement. Tilknytninga til nye busslommer og sykkelstativ skal gi god og enkel tilkomst til området. I tillegg har kommunen fått løyve med grunneigar til å setje opp ein buldre-/klatrevegg på husveggen som vender mot Svendsenhagen, sjå biletet til venstre. Utstyret til veggen er bestilt og det ser ut til at det skal bli bygd i løpet av januar/februar.  

 

Samle kreftene

Bilete: Arbeidet har alt starta"Det er ingen tvil om at det skjer mykje i Ørsta. Kommunen får ikkje til å gjere alt aleine, og vi er avhengige av både eldsjeler og eit aktivt næringsliv. Dette prosjektet er eit godt døme, der vi har klart å samle kreftene og lage koplingar mellom fleire ting som skjer samtidig", påpeika rådmann Wenche Solheim under markeringa. Rådmannen refererar m.a. til at busslommene som Statens vegvesen er i ferd med å bygge ut ovanfor Svendsengarden, er i samspel med det som skal skje nedover gjennom Svendsenhagen og mot Vikegata. 

 

Svendsengarden - hjartet i Ørsta sentrum

Bilete: Hardtarbeidande representantar frå kommune, næringsliv og eldsjeler. Det er mange som vil vere med på å utvikle og skape «nye Ørsta sentrum», både eldsjeler, referansegruppe og næringsliv. Stikkord som entusiasme og engasjement prega markeringa i Svendsengarden fredag. Ein av dei mange eldsjelene, Lars Oscar Fossen Øvstegård, sa i sin tale at "Svendsengarden er hjartet i Ørsta sentrum". Likeeins som at Ørsta er hjartet i Sunnmørsalpane. Det er kome ein ny giv og det er mange som vil kome til Ørsta, både til sentrum og til fjella.

Også Terje Kjøde, eldsjel og leiar i «Levande Vikegata», var svært positiv til opprustinga. Han påpeika at det er viktig at Vikegata tek vare på Ørsta sin identitet, syner aktivitet og handel. Levande Vikegata med Kjøde i front vil halde fram arbeidet for å skape ei levande gågate. Dei har også planar om å kome med tiltak for å fremje aktivitet. 

 

Finansiering og framdrift 

Line Wiik Bjerknes

Sparebanken Møre, og banksjef Line Wiik Bjerknes, har vore ein av fleire viktige samarbeidspartnerar i arbeidet med opprustinga. Kommunen har fått 450 000,- av Sparebanken Møre for å få gjennomført arbeidet. "Utviklinga av Sentrum vil gjere Ørsta Kommune til ein attraktiv stad å bu og leve i. Det vil gagne innbyggarane, næringsliv og lag- organisasjonar, og vi kan lettare oppnå gode resultat i lag", seier Bjerknes.

Finansieringa av byggeprosjektet er fordelt på kommunen, fylkeskommunen og næringsliv. Det er venta at både busslomme, busskur, opprustinga av Svendsenhagen og buldrevegg skal vere klart i mai.

 

 

Det heile starta med Europan

Bilete: Heilheitsplan Ørsta Sentrum, av Tegnestuen FELT

Prosessen med sentrumsutviklinga og «nye koplingar i Ørsta» starta med den internasjonale arkitektkonkurransen Europan. Tegnestuen FELT vart vinnaren av konkurransen med bidraget «Connecting Ørsta». I biletet til venstre kan du sjå heilheitsplanen for Ørsta sentrum. For å sjå nærare på planane kan du sjå utviklingsplanen for Ørsta sentrum her. Punkt 3.4 omhandlar delområdet Svendsengarden. 

Les meir om vinnaren av arkitektkonkurransen Europan her.

 

 

 

 

Følg oss