Ny ung poesipris
– Dei fleste litterære prisane går til etablerte forfattarar, og det er få reine lyrikkprisar. Med eit stipend for unge diktarar framhevar vi dei nye og særprega lyrikarane som er med og held det lyriske språket levande og aktuelt, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.
Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Alle kan fremje forslag om kandidatar til stipendet på haugesenteret.no fram til 15. mai. Ein fagjury med medlemer frå Norsk Forfattersentrum og Nynorsk kultursentrum vurderer alle framlegga avgjer kven som får stipendet.
Olav H. Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i si samtid, og unge forfattarar som skreiv brev til Hauge fekk svar og råd. – Difor er stipendet kalla opp etter han, avsluttar Geir S. Netland ved Hauge-senteret.
Meir informasjon
Dagleg leiar Geir S. Netland, Olav H. Hauge-senteret, 900 38 286
Ulvik poesifestival
-
Blir arrangert i Olav H. Hauge si heimbygd annakvart år
-
Eigd og driven av Nynorsk kultursentrum, avdeling Olav H. Hauge-senteret
-
Fredag 7.–søndag 9. september 2018
-
5000 gjester i 2016 med 146 utøvarar fordelt på 34 arrangment
-
Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar blir delt ut for første gong i 2018
Pressemelding frå
