Økonomiplankonferansen 2017

ØKP_2017_Wenche2.jpg

Før kommunestyret i dag, torsdag 15.juni vart det heldt Økonomiplankonferanse på Ørsta kulturhus.

Økonomiplankonferansen er ein tradisjon, og administrasjonen ser at det er ein stor fordel å starte arbeidet før sommarferien. Erfaringa frå tidlegare år viser at det vart opplevd som nyttig å vere på konferansen.

Kommuner og fylkeskommuner skal utarbeide fireårige økonomiplanar og årlege budsjett. Økonomiplanen og årsbudsjettet skal vedtakast med økonomisk balanse, og bygge på realistiske forventningar om utviklinga i inntekter og utgifter. Kommunelova stiller krav om at den løpande drifta kun skal finansierast av løpande inntekter. Økonomiplanlegging skal bidra til ressursane vert utnytta på best mogleg måte.

Program:

  • Rådmann ynskte velkomen og inviterte til å sjå inn i "glaskula"
  • Fagleg innspel om drift  frå seksjonane: Barnehage, Bu og habilitering, Eigedom, Helse og velferd, Kultur og landbruk, Omsorg og rehabilitering, Skule og Tekniske tenester.
  • Invisteringsbudsjett, seksjon Eigedom og Tekniske tenester
  • Digitalisering og velferdsteknologi ved IKT-leiar
  • Økonomiplan og budsjett, økonomiske nøkkeltal og føresetnader ved økonomileiar

Kommunestyret skal i dag handsame rekneskap og årsmelding for 2016, 1. tertialrapport  for 2017, og altså få innspel knytt til budsjett og økonomiplan dei komande 4 åra.

 

ØKP_2017.jpg

Følg oss