Stengingar og vaslar

Kokepåbod oppheva: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Økonomiplan 2017 - 2020

okonomiplan 2017 - 2020.JPG
Her kan du lese Økonomiplan 2017 - 2020.

Administrativt framlegg

 
Utfordringsbiletet vart presentert for politikarar, leiarar og tillitsvalte av rådmann, stabsleiarar
 
og seksjonsleiarar på økonomiplankonferansen i Ørsta kulturhus den 16. juni 2016.
 
Utfordringsbiletet viste tydeleg behova for store investeringar, og konsekvensane dette gir for
 
driftsbudsjetta. Vi er ikkje lenger på ROBEK lista, vi har pengar på bok, og vi har mange og
 
store behov som skal stettast. Vi må gjere val for framtida som sikrar berekraftig drift av
 
Ørsta kommune.
 
Rådmannen har arbeidd vidare med økonomiplanen, og har eit framlegg til økonomiplan for
 
2017 - 2020 i balanse. Investeringane ligg på eit høgt nivå og midlane på disposisjonsfond vil
 
verte nytta utover i økonomiplanperioden. Det er eit forventa mindreforbruk for 2016, men
 
rammene må likevel i praksis reduserast frå 2017. For å gjere organisasjonen meir robust vil
 
det verte satsa vidare på organisasjonsutvikling med verkemidla 10-faktor
 
(medarbeidarundersøkingar og medarbeidarskap) og KF Kvalitet.
 
Budsjettet er ein kombinasjon av konsekvensjustert budsjett og nye tiltak. Konsekvensjustert
 
budsjett skal innehalde konsekvensen av å fortsette med noverande drift. Dei nye tiltaka
 
kjem tydeleg fram i eiga oversikt. Dette gjeld både drift og investeringsprosjekta.
 
Den vidare prosessen er politisk handsaming. I formannskapet skal økonomiplanen
 
handsamast den 23. august. Etter vedtak skal den på høyring i 14 dagar før vedtak i
 
kommunestyret den 8. september.
 
Med utgangspunkt i formannskapet sitt forslag til økonomiplan, starter seksjonar og stabar
 
arbeidet med årsbudsjettet for 2017. Det er planlagt budsjettkonferanse den 27. oktober.
 
Budsjettet for 2017 vert drøftingssak i formannskapet den 8. november og formannskapet
 
skal vedta sitt budsjettframlegg den 22. november før forslaget vert lagt på høyring i 14
 
dagar. Budsjettet for 2017 vert handsama/vedteke av kommunestyret den 8. desember.

Følg oss