Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Ofte stilte spørsmål om kommunereform

Ofte stilte sporsmal om kommunereform.jpgHer vil vi ta føre oss eit spørsmål pr dag, i alt åtte spørsmål frå Sunnmøre regionråd sine sider. 

Spørsmål 4: Vil større kommunar svekkje lokaldemokrativet?

Går fleire kommunar saman til ein ny, vil talet på medlemer i kommunestyret i den nye kommunen bli lågare enn det samla talet på medlemer i dei gamle kommunane. Den nye kommunen vil dermed ha fleire veljarar bak kvar representant enn i dei gamle. Men større kommunar har jamt over fleire vallister enn kva små har. Mange vallister gir fleire kandidatar å velje mellom og fleire parti kan bli representert i kommunestyret.

Deltakinga i «uformell politikk» - aksjonar, underskriftslister, osv. – er større i store enn i små kommunar, medan det i kommunar med få innbyggjarar er større høve for at du kjenner nokon av medlemene i kommunestyret.

Holbæk kommune i Danmark (tidlegare fire landkommunar og ein bykommune som no har ca. 70 000 innbyggarar fordelt på ca. 580 km2) har eit spennande demokratiprosjekt der det er utvikla systematiske prosessar for medverknad frå innbyggarane og brukarane av kommunens tenester. Det er tilsett 12 «fællesskabere» som knutepunkt mellom den sentrale leiinga i kommunen og dei 18 lokalsamfunna kommunen er inndelt i. Holbæk er i storleik ganske lik med Ålesund + Ørskog, Skodje, Haram, Sula og Giske med sine til saman 78 000 innbyggarar og 578 km2.

At innbyggarane og brukarane av kommunale tenester kan få medverknad i prosessane fram mot vedtak blir gjort, er ein viktig faktor for eit vel fungerande demokrati – ja, kanskje vel så viktig som talet på medlemer i kommunestyret.

Kommunereforma legg opp til at dei nye og større kommunane skal få ta over oppgåver som i dag er lagt til fylket eller staten. Det skal også bli færre statlege motsegner mot kommunale vedtak. Dette vil auke det lokale sjølvstyret.

Altså: Kommunereforma er ikkje til hinder for å utvikle gode prosessar for medverknad og styrking av lokaldemokratiet. Reforma kan snarare vere det som skal til for å utvikle ein positiv dynamikk for å få til eit enno betre lokaldemokrati?

Følg oss