
Laurdag 3.september samla Saksa Turstiforening godt over 100 til frukost og offisiell opning av Urke-egga, ved ordførar Stein Aam. Han var også av dei som gjekk turen og fekk servert kake på toppen. "Dette er verkeleg ein tur å anbefale, med fantastisk fjordnær utsikt! Eg trur dette vil trekke endå fleire besøkande neste år, og det vil vere positivt for næringsaktørane her, " seier Aam.
Om kvelden var det feiring på grendehuset på Urke, som yrte av folkeliv laurdag. I tillegg til åpninga av Urke-egga, var det veteranbiltreff på kaiområdet der også turistane frå Hurtigruta Richard With gjekk i land.
Ørsta kommune gratulerer Urke med nye turstiar, ny småbåthamn og ny aktivitet!