Offisiell opning av helsehuset Vallamarka

Overrekking av blomar til totalentreprenør Veidekke

 

Det var mykje lovord og flotte takketalar under den offisielle opninga av Vallamarka i går. Ørsta kommune er veldig stolte av arbeidet til alle involverte. Dette flotte helsehuset, med fleire bruksområde, vert viktig for vidare samhandling mellom helsetenestene i kommunen. Vi gler oss til å sjå Vallamarka utfalde seg til å bli ein god heim, ei verdig legeteneste for innbyggjarane våre og ein god arbeidsplass for dei tilsette - No er vi i mål med bygginga, det er ein stor dag!

"Gratulerer med dagen! Det er med stil at vi har gjennomført utbygginga av fantastiske Vallamarka! Det har vore ein omfattane prosess, men resultatet har til gjengeld vorte utruleg bra", sa ein stolt ordførar Stein Aam. 

Totalentreprenør Veidekke sa i sin tale:
"Vi er sikre på at dette vert ein super arbeidsplass og ein god heim. Vi takkar for eit godt samarbeid med Ørsta kommune".

 

Følg oss