Offentleg ettersyn: Planprogram for kommunedelplan for E39 - Ørstafjordkryssing

2017-03-17_0854.jpg

Planprogram for kommunedelplan for E39 - Ørstafjordkryssing er lagt ut til offentleg ettersyn jf. pbl §11-13

Planprogrammet skisserer rammer og utgreiingstema for kommunedelplanen. Målet er å avklare trasèval som skal utgreiast for kryssing av Ørstafjorden for framtidig E39 utanfor Ørsta sentrum.

Merknader til planprogrammet skal vere skriftlege, og skal sendast til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Merknadane må vere sendt inn innan 29.04.2017.

Du finn lenke til plandokumenta i margen til høgre. Plandokumenta er også tilgjengeleg på Ørsta rådhus.

Sist endra 17.03.2017
Fann du det du leita etter?

Følg oss

Login for redigering