Nye opningstider på kommunens sentralbord

Ingvild Marie Taraldset, Elisabeth Sæbønes og Linda Hjelm på servicekontoret er klare for å ta imot telefonar frå innbyggarane. Ingeborg Myklebust Bjørneset


Ørsta kommune tar frå i morgon, 1. mars, tilbake drifta av sentralbordet, som sida 1. mai 2019 har vore hjå Vanylven. 

Publikum ring framleis til same telefon nummer 70 04 97 00, med telefontid kl. 10.00–14.00. 
Skal du nå tak i økonomiavdelinga så ring mellom kl. 13.00-14.00, då har dei telefontid.  

Du kan også finne mykje informasjon her på heimesida eller sende oss ein e-post på postmottak@orsta.kommune.no

Servicekontoret har uendra opningstid, og det er berre å kome innom mellom kl. 09.00–15.00. 

 

Visste du at du kan søkje opp tilsette her på heimesida?

Søk etter tilsette 

Følg oss