No startar Sommarles.no

Pressemelding frå Ørsta folkebibliotek: Startdatoen er her, og den digitale lesekampanjen Sommarles.no er i gong.

Frå 1. juni kan alle 1. - 7. klassingar i Ørsta vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 120 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og med det auke lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

Biblioteksjef Hanne Steinsvik ser fram til kampanjen også i år. «Det er så kjekt å sjå barna oppdage verda i bøkene, og for mange er Sommarles eit godt verkty for å knekke lesekoda, medan dei litt eldre barna får opp lesekompetansen».

Sjølv om Sommarles er ein digital lesekampanje er biblioteket ein viktig arena for å finne bøkene. Her på biblioteket er det ei rikhaldig avdeling for barnelitteratur, vi oppmoda alle foreldre om å ta med barna eller sende dei innom for å finne bøker.  

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.

 

Kontaktperson: Hanne Steinsvik, Ørsta folkebibliotek

Kontakt

Hanne Steinsvik Biblioteksjef
90792886
@ Hanne Steinsvik

Følg oss