Registrer vassforsyningssystem
Registreringa kan du gjere enkelt frå mobiltelefonen
Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du kor vassforsyningssystemet er plassert ved å markere staden i eit kart. I tillegg må du svare på nokre få spørsmål.
Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet
Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt vil til dømes vere viktig når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.
Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem
I januar 2017 kom ei ny drikkevannsforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k.
Har du spørsmål til registreringa?
Ta kontakt med sentralbordet til Mattilsynet, tlf 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling