No kan du reise med FRAM Svipp til flyplassen på Hovden

Frå måndag 27. september kan du og reise kollektivt til flyplassen morgon, kveld og helg - med FRAM Svipp. 

FRAM Svipp i Ørsta og Volda

Frå 23. august har lokalbussane køyrt til og frå flyplassen når det er flyavgang eller ankomst på dagtid. Morgon, kveld og helg, når det ikkje går rutebuss, blir det no mogleg å bestille transport med FRAM Svipp. FRAM Svipp er fleksibel transport som etter kvart vil erstatte FRAM Flexx.

- Med FRAM Svipp blir du henta heime og køyrt til flyplassen – eller frå flyplassen og heim. Transporten går med drosje, men du betaler det same som på buss. Drosja kan ta med fleire FRAM Svipp-passasjerar på same tur, så det kan vere andre passasjerar i drosja i tillegg til deg, seier Ingebjørg Nergaard, prosjektansvarleg for pilotprosjektet.

Testprosjekt i visse soner

Ordninga er eit pilotprosjekt for å teste den tekniske løysinga. Av den grunn er det visse avgrensingar i prosjektet.

Tilbodet gjeld for definerte, sentrumsnære soner i Volda og Ørsta. I Volda gjeld det Rotset, Bratteberg, Røyslida og Klepp, og i Ørsta gjeld det Mosmarka, Vallabøen og Grepalia. Det er ikkje mogleg å bestille FRAM Svipp-transport frå eller til stadar utanfor desse områda.

- I starten blir det bestilling via nettet. Etter kvart vil det kome ein app, men det vil ikkje vere mogeleg å bestille på telefon i pilotprosjektet, seier Ingebjørg Nergaard.

 

Slik fungerer FRAM Svipp

  • Du bestiller på nettsida til FRAM under Bestillingstransport.
  • For avgangar på morgonen må du bestille seinast kl. 19 kvelden før. For andre avgangar må du bestille seinast ein time før du vil bli henta heime. Reiser du frå flyplassen må du bestille 15 minutt før du vil reise frå flyplassen.
  • Betal med kort til sjåføren. Prisen svarar til ein bussbillett i same område.

Det ligg meir informasjon på nettsida til FRAM (frammr.no) under Bestillingstransport.

Kontaktperson:

Marit Holen, rådgiver marknadsarbeid i FRAM, mob.  975 44 525

Følg oss