No er skulehelsetenesta på Snapchat!

Har du ungdom i hus, eller er nysgjerrig sjølv? No treff du helsesjukepleiar i kommunen på: 

Snapchat


Dette er ein del av satsinga «digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste». Målet med å vere tilstade og aktiv i sosiale media, er for å senke terskelen for at ungdom sjølv tek kontakt med skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom, når dei har behov for det.
 

Bruk av Snapchat kom fram av spørjeundersøking:

I vår vart det gjennomført ei spørjeundersøking blant elevane på ungdom- og vidaregåande skular, og resultatet av denne viste tydeleg at ungdomen ønskte seg Snapchat som plattform. No er vi i gang for fullt, og prøvar ut dette i kommunane Ørsta, Volda og Hareid. Ordninga kjem til å verte evaluert i løpet av hausten, med innspel frå både ungdomen sjølve og skulehelsetenesta.
 

Betjent i ordinær arbeidstid

I tillegg til å ta opp aktuelle tema og informere om trefftid på skulen og helsestasjon for ungdom, vil helsesjukepleiar så langt det er mogleg svare på spørsmål som kjem inn. Vi gjer merksam på at Snapchat berre er betjent i ordinær arbeidstid, og at sensitive opplysningar kring helse og personelge førehald ikkje skal delast på Snapchat. Det er altså ikkje ei erstatning for ordinære samtalar, men eit supplement som kan gjere det enklare å ta kontakt, let ungdomen verte betre kjend med tenesta og dei som jobbar her.

Følg oss