Kva er Naturmøteplassen?
Naturmøteplassen er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.
Bålet brenn og kaffien er klar (og gratis) i eit fast tidsrom på ein fast stad ein bestemt dag kvar (eller annakvar) veke. Blide vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, spanderer varm drikke og slår gjerne av ein prat.
Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der folk både kjem seg ut på tur og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. Tilbodet er til personar i alle aldrar som er ledig på dagtid.
Vi har god hjelp frå frivilligsentralane til å organisere og sette opp vaktlister, der frivillige enkeltpersonar, lag og organisasjonar byter på å vere vertskap.
Friluftsrådet dekker utgiftene til ved, kaffi, utstyr osb, takka vere midlar frå Miljødirektoratet og Møre og Romsdal fylkeskommune.