Næringskonferansen 2017

Odd Magne Vinjevoll, Dagleg leiar Ørsta Næringskontor.Næringskonferansen Søre Sunnmøre feira i dag 5 års jubileum med full sal på Ørsta kulturhus. Med sitt gode og varierte program var konferansen ein suksess! 

Ørsta Næringskontor sitt mål med konferansen er å skape eit attraktivt samlingspunkt for næringslivet i regionen. Dette er gjort for å stimulere til nettverksbygging og eit tettare samarbeid på tvers av bransjar. 

 Link til heimeside

Konferansen hadde liveoppdatering frå salen. Her kan du sjå det.

 

 Slideshow : Slideshow_Næringskonferansen

Foto: Ylva Overå Hide / Racer

 

Programmet

I år var programmet fullt av godbitar innanfor temaet "omstilling og innovasjon". Ordførar Stein Aam fekk æra av å opne konferansen. Han overlot ordet til Torstein Holsvik, som var fyste føredragshaldar. Den lokale gründeren er dagleg leiar i Frøy Vest AS. Selskapet er resultatet av ein fusjon mellom selskapa Møre Dykkerservice, West Dykkerservice og Sunnfjord Dykkerservice. Selskapet har i dag 140 tilsette, ti nye dykkerskip og har investert i fleire oljefarty.

Dei resterande føredraga var med Magne Gundersen, kanskje best kjent frå TV-programmet Luksusfellen. Journalist og radiostemme, Kari Slaatsveen. Rådgjevar og analytikar Ole Petter Nyhaug frå Opinion. Han heldt føredrag om trendar, forbrukarane si makt og korleis forbrukarar er med på å drive fram vekst. Hilde Sandvik, gründer, sjefsredaktør og hjernen bak Broen.xyz, eit nytt nordisk mediehus. Johan Kaggestad, tidlegare landslagstrenar, rådgjevar og kommentator. Du høyrer han på TV2 sine sendingar av Tour De France, men du visste kanskje ikkje at han starta karriera si med å iverksetje Nike i Noreg? Sigbjørn Johnsen, tidlegare finansminister og konfransier Ingebrigt Steen Jensen.

 

Overraskelse med Jo Nesbø og Lars Jones

Etter lunsj var publikum lova ei stor overrasking. Det var ikkje mindre enn suksessforfattar og musikar Jo Nesbø, saman med Lars Jones som dukka opp på scena. Publikum satte tydeleg pris på overraskinga og var både med på allsong og vill applaus. 

 

Ørsta VGS i sving

Foto: Ylva Overå Hide / RacerBlomsterdekorasjonar og lunsj stod elevar frå Ørsta VGS for. Dei gjorde ein fantastisk jobb, med god hjelp frå Hotell Ivar Aasen. Serveringa av 250 gjestar gjekk som ein leik, og alle gjestane fekk servering på korte 17 min. Dei fekk sin velfortente applaus frå publikum etter serveringa.

Følg oss