Når elevane kjem, skal dei føle seg velkomne!

 

Når skulen startar igjen 19. august, vert det nokre endringar for 7. trinn ved Vikemarka og Velle skule. Elevane skal nemleg ha Ørstahallen som sitt skulebygg det siste året av barneskulen.

Årskullet er stort, og heile 92 elevar skal gå på skule i Ørstahallen. Elevane skal framleis tilhøyre sin skule med kjende lærarar, men det vil verte eit større samarbeid mellom 7. klassene ved Velle og Vikemarka. Frode Sundnes frå Vikemarka skule og Espen Viddal frå Velle skule er koordinerande lærarar for opplæringa i Ørstahallen.

I løpet av sommaren vert det arbeidd med å få på plass inventar og diverse materiell for å drive skule her. Rammene elles skal koordinatorane og miljørettleiar saman med elevane, lærarane og dagleg leiar for Ørstahallen få utforme.

Før skuleslutt var elevane på synfaring i Ørstahallen, og det verkar som elevane gler seg. Det seier dagleg leiar Rebecca Riise Bjerknes, som var med på omvisinga.

 

«At alt ikkje er på heilt plass enno, er med vilje»

- seier rektor Vidar Nupen ved Velle skule.

Dei som skal drive skulen i det daglege, må få forme sin eigen kvardag. Dei veit best kvar «skoen trykkjer». Koordinatorane vil ha eit særleg ansvar i samarbeidet mellom klassene, skulane, dagleg leiar for  Ørstahallen og andre samarbeidspartnerar, slik at det vert lagt til rette for god opplæring og skulekvardag også i Ørstahallen.

19. august kjem elevane, og då skal dei føle seg velkomne! 

 

- Ein «buffer» for skule

Ørstahallen har areal oppe i 2. etasje som er tenkt til skulebruk og til å vere ein «buffer» for skuledrifta til skulebygga elles er oppe å gå. Dette var den viktigaste føresetnaden for ekstra møterom/klasserom og grupperom i planlegginga og bygginga av Ørstahallen. Det vil ikkje vere ei permanent løysing at 7. trinn skal ha undervisning her, det må sjåast i samanheng med  storleiken på årskulla og behovet for areal. Slik framtidsutsiktene er i dag, vil det vere behov for at Ørsta ungdomsskule nyttar arealet i si undervisning om få år, når det nye skulebygget for 5.-7. trinn på Velle og Vikemarka skular står ferdig. Hausten 2019 er der om lag 315 elevar på Ørsta ungdomsskule, om tre år over 400.

Når delar av Ørstahallen blir brukt til skule og undervisning, vil ein også fokusere på sambruk. Areal som elles berre vert nytta på kveldstid, kan ha andre bruksområde om dagen. Skadestova vil til dømes bli nytta av Helsesjukepleiar i skuletida etter behov.

Følg oss