Mykje engasjement på personalseminar

Nina Nakling

Ørsta kommune arrangerte seminar for alle tilsette i kommunen på Ørsta kulturhus onsdag 11. mai.

Kommunedirektør Wenche Solheim starta seminaren med å takke alle ansatte for den gode innsatsen under ei vanskelig pandemitid.

«To år med pandemi, med krevjande vilkår for å halde drifta oppe, har sett spor i oss. Samstundes har me vorte utfordra på store omstillingar. Organisasjonen og tenestene våre må vere i kontinuerleg endring om me skal kunne møte samfunnsoppdraget. Alle tilsette fortener ein stor takk for denne innsatsen!»  

– Wenche Solheim

Tilsette fekk informasjon rundt utviklinga til kommunen som no får tre sektorar med kvar sin kommunalsjef. Sektorane blir delt opp i «Oppvekst, kultur og inkludering», «Helse, omsorg og velferd» og «Teknisk, eigedom og landbruk».

Vidare holdt Nina Nakling foredraget sitt «Tenk om det går!».  Ho hadde eit tydeleg fagleg utgangspunkt, og samtidig eit skrått blikk på alt frå kvardagen, motivasjon, endringsvilje og motvilje – på arbeidskollegaene og på leiarane.

Nakling la vekt på utfordingar med endringar, at endringar ikkje er farlig i seg sjølv men at konsekvensane for endringane av og til kan vere skumle. Og viktigheita med å kome ut av komfortsona av og til, men alltid ha ei trygg sone å trekke seg tilbake til og «lade opp batteria». 

Følg oss