Mogleg brot på personverntryggleik

Onsdag 09.06.21 oppstod det eit mogleg brot på personverntryggleiken for enkelte tilsette i kommunane på  søre Sunnmøre.

Dette førte til at tilsette som logga på web-e-post nokonlunde samstundes (innanfor 10 min) kunne oppleve at dei fekk opp e-posten til ein annan brukar.

Brotet gjeld berre interne brukarar med brukarkonto og e-postadresse hjå SSIKT. Informasjonen har ikkje vore tilgjengeleg for eksterne og alle tilsette har teieplikt.

Brukarnamn og passord for tilsette er ikkje på avvege.

  • Vi vel likevel å informere våre innbyggjarar, då vi tek personvern på stor alvor. E-post skal ikkje innehalde sensitiv informasjon, men vi får sjølvsagt førespurnader på e-post som ikkje er meint til andre enn mottakar. Vi vil derfor opplyse om denne hendinga, så alle kan vere trygge på at vi tek dette på alvor og følgjer opp saka, seier kommunedirektør, Wenche Solheim, som understrekar at saka er meldt vidare til Datatilsynet.

Det er til saman 195 tilsette i dei sju kommunane som er råka av brotet og dei det gjeld har blitt varsla om det.

Å vere råka av brotet betyr ikkje at andre tilsette har fått tilgangen deira på e-post, men det er ein risiko for at det kan ha skjedd med enkelte av dei 195.

Følg oss