Ministerbesøk på Ørstaheimen

Onsdag 26. juni var Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug på besøk på Ørstaheimen.
Det vart ein god samtale rundt bordet knytt til eldreomsorg, med representantar frå seksjon Omsorg og sjukeheim, rådmann og Ørsta FRP.
Seksjonsleiar Inger Liadal fortalde stolt om korleis vi driv sjukeheim i Ørsta kommune, både i sentrum, på Vartdal og Sæbø. Vi har mykje vi er gode på, men vi har også fleire utfordringar som det vert arbeidd med kontinuerleg. Å levere gode faglege tenester og drive god eldreomsorg er til ei kvar tid vårt mål.
Leve heile livet - Stortingsmelding nr 15
Publisert 26.06.2019 13:31