Miljøfyrtårn-diplom til Wattn og Rufo

Ordførar Stein Aam delte onsdag 1. juni ut miljøfyrtårn-diplom til Wattn AS avd Ørsta og Rufo AS.

Dette er eit kvalitetsstempel som viser at ein tar miljøarbeidet på alvor, seier ordføraren. Miljøfyrtån er ei nasjonal ordning for kvalitetssikring av miljøarbeidet av heile drifta ved små og mellomstore bedrifter. Miljøfyrtårn-sertifikat er anerkjent som miljødokumentasjon ved offentlege innkjøp og anbodskonkurranser, og inneber at bedrifta har eit kontinuerleg arbeid på forbetring og måloppnåing innan miljøområde som energiforbruk, transport, forbruk, avfall og arbeidsmiljø.

Per Are Sørheim i Wattn AS avd Ørsta tok imot miljøfyrtårn-diplomen. ØK / Ingvild Marie Taraldset

Wattn AS avd Ørsta har bærekraft med i arbeidsstrategien sin og ynskjer å vere ein kundenær og innovativ aktør. Dei er veldig stolte av appen sin: «Vi har løfta oss enormt mykje med appen vår, som gjer at vi har eit godt tilbod i ein tøft marknad», seier leiar Per Are Sørheim. Appen gjev ein full kontroll over straumforbruket, som gjere det enkelt å spare på forbrukaren sine og jordkloda sine ressursar. Diplomen skal få plass på prisveggen deira.

Heidi Mariell Myklebust tok mot mijøfyrtårn-dipolmen til Rufo AS. ØK / Ingvild Marie Taraldset

Rufo AS hadde stort sett alt på plass frå før for å få sertifiseringa, det var berre å få inn rutiner og dokumentasjon, seier Heidi Mariell Myklebust som fekk ansvaret for at sertifiseringa vart realitet i Rufo. Før koronapandemien var dei fleste av kundane deira innan arbeidsområdet lyd og lys, men då måtte dei tenke nytt. Det resulterte i at dei no har mesteparten av kundane sine innan offshore-industrien. Rufo tilbyr også livstidsgaranti på sine produkt, noko som betyr at dei har høg kvalitet og reparer om noko går sønder.

Kundane begynner å stille krav, derfor var det viktig med miljøtårnsertifisering, seier Heidi. Dette går igjen hjå Wattn; at store kundar begynner å sette krav til miljøsertifisering, noko som kommunen òg bør gjere.

 

Følg oss