Markering for Ukraina

Ordførarar og kommunaldirektørar Søre Sunnmøre - Klikk for stort bilete

Ordførarane og kommunedirektørane på Søre Sunnmøre var samla til samarbeidsmøte på Ørsta Rådhus i dag, på dagen eit år etter Russlands sin invasjon mot Ukraina. Dette markerte dei ved å kalle inn til ei kort pressekonferanse.

Ordførarane er imponert over kor lokalsamfunna stille opp for flyktningane i distriktet vårt, hjelper og tek vare på dei som er treng det.

Dei oppmodar flest mogleg å stille på dei planlagde arrangementa som finn stad i alle kommunane i dag som støtte til Ukraina. Det er viktig støtte også for dei verdiane vi har kjempa for: demokrati, fridom og forsoning.

I Ørsta vert dagen markert slik:

Markeringa startar med fakkeltog kl. 18.30 frå Alti, om Webjørn Svendsensgate, gjennom Vikegata og til kyrkja. Deretter blir det samling i kyrkja kl. 19.00.

I kyrkja vil ukrainarane våre  stå for programmet, sokneprest Arne Moltubakk leiar oss gjennom samlinga. Varaordførar Karen Høydal vi helse på vegne av Ørsta kommune. 
Programmet vil foregå på både ukrainsk og norsk. Det blir song av den ukrainske nasjonalsongen, helsingar, diktlesing og ukrainsk musikk.

Etter sermonien kan dei som vil sitte igjen ei stund.

Alle er velkomne til å delta. 

Solidaritetsmarkering for Ukraina

Følg oss