Mange vil vere med og skape inkluderande lokalsamfunn

Fv. Solveig Dale – Trondheim kommune, Magne J. Krumsvik – møteleiar, Urte Karanauskaite – leiar ungdomspanelet, Heidi Skaug – Rauma kommune, Per Olaf Brækkan – Møre og Romsdal fylkeskommune, Karen Høydal – varaordførar, Ingvild Endal – folkehelsekoordinator i Ørsta, Ingvild Gjerdset – Møre og Romsdal fylkeskommune, Mari Anne Bjørkmann – arrangør Møre og Romsdal fylkeskommune, Karin Høyland – SINTEF, Kristin Vik – arrangør Ørsta kommune.

 - Universell utforming er så mykje meir enn materialistiske tiltak… Universell utforming er eit mål om eit samfunn der alle har plass og alle er velkomn, sa Urtė Karanauskaitė, leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.


Deltakarar frå heile fylket kom 25. januar til Hotel Ivar Aasen i Ørsta for å høyre korleis dei sjølv kan vere med på å skape inkluderande lokalsamfunn. Møre og Romsdal fylkeskommune, i samarbeid med Ørsta kommune, arrangerte konferansen, der dei knytta universell utforming til plan og planlegging, sambruk, demografiske utfordringar og medverknad.

Varaordførar i Ørsta, Karen Høydal (Ap) ønska velkommen til Ørsta og sette dagsorden med å legge vekt på eksempel som viste at kvar og ein kan vere med på å skape inkluderande lokalsamfunn. Karen Høydal er i tillegg til å vere varaordførar, leiar i det kommunale rådet for likestilling av funksjonshemma i Ørsta.

 

Universell utforming gjennom estetikk og funksjonalitet

Overskrifta er tatt ordrett frå foredraget til arkitekt og rådgivar i fylkeskommunen sitt tettstadprogram, Ingvild Gjerdset. Ho presenterte Tettstadprogrammet i Møre og Romsdal, der dei jobbar saman med kommunane for å utvikle attraktive kommunesentra i fylket. Eit overordna mål er at tettstadane skal vere inkluderande for alle, gjennom blant anna estetikk og funksjonalitet.

Solveig Dale, som er rådgivar for universell utforming på byplankontoret i Trondheim kommune, viste mange gode eksempel og tiltak som er gjort i Trondheim kommune i høve til universell utforming. Delen om kommunalt planarbeid og verkemiddel var særs relevante, syntest fleire. -Dette må kommunane ta med seg, og er noko vi kjem til å legge vekt på i fråsegn ved plansaksbehandling i Møre og Romsdal fylkeskommune, seier ass.fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

Karin Høyland frå SINTEF sette søkelyset på at den demografiske utfordringa har behov for nye svar og løysingar. Ho snakka mykje om inkluderande design og arkitektur, og korleis dette må spele på lag med omgivnader og mål og ønsker for framtida. Høyland viste fleire eksempel på ein spennande sambruk og samlokalisering som er relevant for det vidare arbeidet i kommunane.

 

Ein viktig rolle som samfunnsutviklar

Både fylkeskommunen og kommunane har viktige roller som samfunnsutviklarar.  Bygg- og eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Per Olaf Brækkan presenterte fylkeskommunen sitt arbeid med dei videregåande skolane og korleis dei ivaretar rolla som samfunnsutviklar gjennom eigne prosjekt. Strategisk lokalisering av dei vidaregåande skolane er til dømes viktig for å bidra til å styrke av kollektivtilbodet, skape meirverdi og få til sambruk med kommunale bygg.

Ingvild Endal, folkehelsekoordinator i Ørsta kommune, presenterte Ørsta kommune sitt sentrumsprosjekt, der dei blant anna jobbar med å knyte dei ulike delane av sentrum saman gjennom «det urbane bandet», «det grøne bandet» og «utdanning- og idrettsbandet». Ørsta kommune var i 2015 med i den internasjonale arkitektkonkurransen Europan, som har bidrege til at arbeidet med sentrumsutviklinga har vorte ei viktig satsing for heile Ørsta.

Utbyggingssjef i Rauma kommune, Heidi Skaug, fortalte med stor entusiasme om kommunen sitt arbeid med å utvikle «verdens minste storby», Åndalsnes. Rauma kommune har jobba både målretta og gjennomgåande med byutvikling. Dei skal tenke samfunnsutvikling i alt dei gjer, og utvikling av Åndalsnes har vore ei prioritert og viktig oppgåve, heilt frå kommuneplanens samfunnsdel, betydeleg avsette budsjettmidlar, til reguleringsplanar, utbyggingsavtalar og opparbeidingar i sentrum. Skaug poengterte at arbeidet med å utvikle sentrum i Åndalsnes ikkje hadde vore muleg utan støtte frå fylkeskommunen.

 

Bli inkludert utan å be om det

«Bli inkludert utan å be om det», var noko av bodskapet til leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė då ho avslutta konferansen. Med stor iver og engasjement fortalte ho korleis by- og tettstadutviklinga i kommunane er viktig for ungdommen. -Dette vil vi vere en del av, sa ho. Karanauskaitė meiner vi har mykje kunnskap i Møre og Romsdal,  og at vi saman med ein god dose engasjement har eit grunnlag for å skape mange gode, attraktive og inkluderande lokalsamfunn.

Følg oss