Måndag gjekk startskotet for nye Ørsta VGS og kulturhus

 

Måndag 9. mars var det invitert til ope møte om nye Ørsta vidaregåande skule og kulturhus. Mange var spente for kva som skulle bli presentert og det er tydeleg at publikum ønskjer å kome i gong og få svar på spørsmåla dei sit inne med. 

Innspel nye Ørsta vgs og kulturhus

 

- Kom med dine innspel no!

f.v. Per Olaf Brækkan, Ingvild Nistad og Jan Lidvar VikestrandOrdførar Stein Aam var programleiar og opna møtet.

Både Assisterande kommunedirektør Eldar Øye, Eigedomssjef MR fylkeskommune Per Olaf Brækkan, og prosjektleiar i MR fylkeskommune Ingvild Nistad,  hadde innlegg om kva prosjektet er og kva som vil skje dei neste månadane i prosjektplanlegginga. Prosjektleiar frå Ørsta kommune, Jan Vikestrand, var også delaktig i spørsmålssekvensen. 

Fylket har sett av 300 millionar til prosjektet med ny VGS og nye kontor til tannhelsetenesta. I sin presentasjon pressiserte Per Olaf Brækkan viktigheita av at innbyggjarane, brukarane og næringslivet engasjerar seg allereie no i prosjektet, og kjem med sine innspel:

Korleis vi set kursen frå start har mykje å seie for kvar vi endar opp
 

Og som Eldar Øye, Assisterande kommunedirektør i Ørsta kommune, sa på det opne møtet:

"Det vil ikkje vere økonomi til alt, men vi vil gjere det best mogleg med hjelp frå brukarane og deira innspel".
 

Grunnlag frå kommunen og fylkeskommunen sine strategiar

Prosjektet vil bygge på og forholde seg til følgande strategiar og satsingsområde. 

Framdriftsplan for nye Ørsta vgs

Prosjektleiar Ingvild Nistad presenterte følgande framdriftsplan for dei neste åra. Ho understreka at dette er ein førebels plan og vert berre gjeldande dersom alt går som det skal i planprosessen:

  • Oppstart januar 2020
  • Medverknad fram til Sept/okt 2020
    • Sak i fylkestinget Desember 2020
  • Engasjere entreprenør Vår 2021
  • Forprosjekt Hausten 2021
  • Byggestart Vinter/vår 2022
  • Innflytting Haust 2023

 

Ny samling blir  gjennomført 11.06.20 

Det var meininga å ha 1. samling 2. april, men grunna tiltak knytt til koronasituasjonen har dette blitt avlyst. Slik det ser ut per 27. mars, blir det ny samling 11. juni. 

I mellomtida kan de gi innspel og tilbakemeldingar på følgande lenkje: 

Innspel nye Ørsta vgs og kulturhus

Kontakt

Jan Lidvar Vikestrand Prosjektleiar
91630269
@ Jan Lidvar Vikestrand

Følg oss