Livbøye i badehølen i Fonna

Annelin Kristoffersen viser fram livbøya i Fonna.  - Klikk for stort bileteAnnelin Kristoffersen tok initiativ til å kjøpe livøye til badehølen i Fonna.

  
Takka være privat initiativ frå Annelin Kristoffersen er det no satt ut ei livbøye i badehølen i Fonna.

Med bustad i nærleiken observerer Kristoffersen at man unge nyttar badeplassen ofte. Ho ønskja derfor å få på plass ei livbøye som kan vere til hjelp om uhellet skulle vere ute.

Kristoffersen oppretta ein Spleis med eit sparemål på 3000 kroner. No takkar ho alle dei som bidrog til spleisen: - alle dei som har bidratt må takkast, eg har ikkje gjort dette ålene. 21 gjevarar bidrog med til saman 3500 kroner.

Uteseksjonen i Ørsta kommune bistod i førre veke med stativ og montering av livbøya. Vi håpar det no følast tryggare å bade i hølen i Fonna og kryssar fingrane for fint badevær.

 

Badehølen i Fonna - Klikk for stort bileteBadehølen i Fonna

 
Tusen takk til Annelin Kristoffersen og alle bidragsytarar for dette flotte tiltaket!

Følg oss