Linda Lai samla Nordvestlandet

20170308_103325.jpg

Om lag 250 leiarar og medarbeidarar frå til saman 14 kommunar, frå Eid i sør og til Aukra i nord, var samla på kulturhuset i går onsdag 8.mars. Hit kom dei for å høyre på Linda Lai, professor i organisasjonspsykologi og leiing ved ved Handelshøyskolen BI. Frå Ørsta kommune samla me over 80 leiarar, verneombod og andre tilsette.

Rådmann Wenche Solheim, saman med Linda Lai\Tema for dagen har vore den nye medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR. Linda Lai har vore fagleg rådgjevar for utvikling av denne undersøkinga. 10-FAKTOR inneheld ti faktorar som er avgjerande for korleis me har det på jobb og i kva grad me løyser oppgåvene våre på ein god måte.  
 
Samlinga med Linda Lai har gav oss ei god innføring i kva som ligg i dei ti faktorane og kvifor dei er så verdifulle. Faktorane måler medarbeidarane si oppfatning av viktige forhold på arbeidsplassen, som t.d. grad av meistringsorientert leiing. Dei måler også medarbeidarane sine haldningar til jobben dei har, som til dømes motivasjon og vilje til å vere fleksible. 
 

 

 

 

 

Meistringsorientert leiing

Medarbeidarundersøking i Ørsta

Ørsta kommune har nettopp gjennomført denne undersøkinga sjøl. 937 tilsette fekk den tilsend, og 87% av desse har svart. No står me framfor spennande prosessar med felles forståing av resultat, analyse, tiltak og oppfølging. Til å hjelpe oss i gang med dei gode prosessane får vi hjelp frå KS-konsulentar. Medverknad og involvering skal prege dette arbeidet, og dei lokale Gneist-gruppene på arbeidsplassane våre vert viktige medspelarar.
 
 

Følg oss