Leseglade born på Sommarlesfest 2016

Sommarlesfest.jpg

 

Torsdag 8.september inviterte Ørsta folkebibliotek på Sommarlesfest i flatsalen på Ørsta Kulturhus. Heile 168 leseglade born deltok i feringa, noko som er ny rekord.

SommarLes-2016.png


Festen baud mellom anna på underhaldning ved Hege Holmqvist Synnes, som tok dei frammøtte med inn i ei magisk verd. Det var servering av is og brus, samt utdeling av flotte premiar til heldige vinnarar.

Ørsta folkebibliotek rettar ein stor takk til alle store og små som kom og gjorde dette til ein festkveld!

Les meir om Sommarles på Ørsta folkebibliotek sine nettsider.

Følg oss