Legionellasikring av ventilasjonsanlegg med kjøletårn

Legionellabakterien

Legionellasikring av ventilasjonsanlegg med kjøletårn o.l. er viktig. Helsedirektoratet og kommuneoverlegen informerar difor om meldeplikt og kontroll av ventilasjonsanlegg.

Meldeplikt

Helsedirektoraret minner om at alle verksemder som har ventilasjonsanlegg med kjøletårn og luftskrubbarar (sjå nedanfor) pliktar å melde om slike anlegg til kommuna (jamf Forskrift om Miljøretta helsevern § 11c) . Meldeskjemaet finn du ved å trykke her.

Rapport etter kontroll

I tillegg skal eigar av slike anlegg - som ein del av sin eigen internkontroll - syte for at anlegget blir regelmessig sjekka med tanke på legionellarisiko. Dette skal gjerast av eit akkreditert inspeksjonsorgan kvart 5. år. Kopi av deira rapport skal sendast til kommunen som melding.
Helsedirektoratet har sett ein frist til 01.01.2017 for dette.
 
Ut frå manglande meldingar og rapportar har kommuneoverlegen grunn til å tru at denne informasjonen kan vere underkommunisert. Ei anna forklaring kan vere at vi ikkje har særleg mange slike anlegg her hos oss. 
Ligg det ikkje føre dokumentasjon frå akkreditert kontrollorgan til innsending no, kan eigarar av slike anlegg og som treng lenger tid, søkje kommunen om utsett frist innan 01.01.2017.
 

Kvifor er dette viktig?

Legionellabakterien kan gi livsfarleg lungebetennelse ved innanding. Det er kjent at den under ugunstige forhold og sviktande sikkerheitsrutiner, kan formere seg i kjølevatn, mellom anna, i slike ventilasjonsanlegg. Den kan så bli spreidd ut i lufta gjennom små vassdråper (aerosolar) som blir anda inn og kan gi alvorleg lungebetennelse med fare for død.  Det skal poengterast at der også er mange andre smittekjelder, men helsemyndigheitene har særleg høgt fokus på kjøletårn og luftskrubbarar. 
 

Kjøletårn

er ei innretning som vert nytta til å fjerne overskotsvarme frå kjøleprosessar. Nedkjølinga skjer ved at vatn blir tilført luftstraumen på ein slik måte at det dannar seg aerosolar. Det fins både opne og lukka kjøletårn og ulike typer kondensatorar.
 

Luftskrubbar

er ei innretning  som brukar væske for å fjerne (”rense”) uønska stoff frå luft (eks. ventilasjonsluft) eller gassblandingar på ein måte som gjer at det dannar seg aerosolar.
 
Volda, 13.12.2016
Arne Gotteberg. kommuneoverlege i Volda og Ørsta
 

Følg oss