Ledige plassar i Ørstabarnehagen


Ørstabarnehagen har no tildelt plass til alle borna i kommunen som har rett på barnehageplass, men framleis er det nokre ledige plassar. Både for små og store born. Barnehagane med ledige plassar er Farkvamen, Barnas Vel og Vartdal.

Kanskje ønskjer du eller nokon du kjenner å flytte Ørsta, men er usikre på dette med barnehageplass?
- I Ørstabarnehagen har vi ledige plassar !

 

Kva så med dei som har born utan lovfesta rett til plass?

Retten til barnehageplass gjeld for dei som fyller eitt år innan utgangen av november. Born fødde i september, oktober eller november, har rett til å starte i barnehagen den månaden dei vert eitt år. Dei borna som er fødde frå desember, har ikkje rett til barnehageplass før neste august igjen. Dette betyr ikkje at ein ikkje kan få plass i barnehage, men at det er andre reglar som gjeld.

Per i dag har Ørstabarnehagen nokre små born på venteliste som ikkje har rett til plass før neste år. Om foreldra til desse borna tek i mot tilbod om plass no, må dei betale for plassen frå august sjølv om dei ikkje vil bruke plassen før barnet er eitt år. Om foreldra takkar nei, vil plassane stå ledige og det vil bli ei ny tildeling av plassar i november, for plass frå januar.

Ønskjer du å lese meir om regeleverket knytt til retten om barnehageplass.

Kan du lese meir her

Kontakt

Irene Yksnøy Lianes rådgjevar barnehage
46824228
@ Irene Yksnøy Lianes
Reidun Mo barnehagemynde / rådgjevar barnehage
47641489
@ Reidun Mo

Følg oss