I Ørsta får du det beste frå to verder: innovativt næringsliv og framtidsretta offentlege tenester, sterke fagmiljø og høg livskvalitet med tilgang til storslått natur, rikt kulturliv og eit trygt oppvekstmiljø. Vi har etablert oss som eit leiande handelssentrum på Søre Sunnmøre og har flyplass med mange daglege avgangar til Oslo og Bergen. I nabobygda finn du både sjukehus og høgskule.
Vi søkjer ein strategisk og framtidsretta kommunedirektør som vil vere ein sentral pådrivar for utvikling.
Dette er ein plass for deg som vil utgjere ein forskjell – både på jobb og i livet.
Er du den visjonære leiaren vi søker for å leie Ørsta kommune inn i framtida?
Noreg står overfor mange spennande og krevjande samfunnsutfordringar, og i Ørsta kommune er vi klare for å ta desse utfordringane på strak arm. Som kommunedirektør vil du alltid arbeide for å levere tenester i samsvar med vedteken kvalitetstandard så kostnadseffektivt som mogleg.
Vi er organisert i tre kommunalområde og to stabsfunksjonar, og du vil leie ei dynamisk leiargruppe beståande av tre kommunalsjefar, økonomisjefen og personalsjefen. Du får jobbe tett med både politisk nivå og engasjerte medarbeidarar i ein organisasjon der kommuneverdiane våre ligg til grunn for alt vi gjer.
Meir om stillinga
Søk på stillinga
Søknadsfrist 6. mai.