Landbrukskonferansen 2017 - "Vestlandsbonden"

Landbrukskonferansen.jpg - Klikk for stort bilete

Landbrukskonferansen 2017 vert arrangert på Ørsta kulturhus fredag 21. april kl 10.30 – 17.00. 

Landbrukskonferansen vert arrangert av Ørsta næringskontor i samarbeid med landbrukskontoret Ørsta Volda og representantar frå næringa. I år er den samordna med ”Agri Nordvest”, som er ei sals- og utstillingsmesse for landbruksmaskiner, og med standar frå ulike aktørar i  næringa.Utstillinga er på utstillingsplassen/grusbana ved Ørsta stadion, og vert arrangert 21. – 22. april.

Landbrukskonferansen vert på Ørsta kulturhus, og det vert innlegg frå m.a. Einar Frogner frå Norges Bondelag, Merete Furuberg frå Norges bonde- og småbrukarlag og Christian Anton Smedshaug frå   AgriAnalyse/Vestlandsrapporten. Politiske appellar frå Jon Georg Dale (landbruksminister, Frp), Ingunn Foss (H), Pål Farstad (V), Per O Lundteigen (SP) og Steinar Reiten (Krf). Møteleiar er Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal bondelag.

Program landbrukskonferansen

Det vert servert varm lunsj på konferansen. Inngangsbillett er kr 200, og vi ser helst at det vert betalt kontant ved inngang.

Påmelding til liv-bente.viddal@orsta.kommune.no eller omv@orsta-nk.no innan onsdag 19. april.

Sist endra 18.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering