Kvifor trivst du? 

 

Pressemelding:
Vil du vite kva som gir betre bumiljø, betre levekår og betre helse hjå folk? Då er svaret ganske enkelt: Spør dei det gjeld – spør folk!

Nærmiljøet – dei næraste omgivnadene – er noko av det som tel mest for at folk skal trivast og ha god helse. Dei siste  tre åra har 41 norske kommunar  - gjennom innbyggarmedverknad - prøvd å finne ut kva faktorar som påverkar trivsel og livskvalitet, og kva tiltak som kan bidra til å fremje folkehelsa.  

 Nærmiljøprosjektet har vist at det er mykje å hente på å nytte ressursane i lokalmiljøet betre, seier avdelingsdirektør Jakob Linhave i Helsedirektoratet. – Folk veit godt kva dei saknar akkurat der dei bur, og når folk vert involverte bidreg det til både gode idear, eigarskap og verdifull innsats. Her har norske kommunar mykje å hente.

Forskarar ved Høgskulen i Volda har evaluert Nærmiljøprosjektet. Dei viktigaste funna viser at tryggleik, trivsel, tillit og tilgjenge er sentrale påverknadsfaktorar for helsa, slik folk sjølve ser det. Elles viser evalueringa at folkehelse må få ein meir sentral plass i strategi- og planarbeid og daglege avgjerder i kommunane. Det inneber at rådmann og ordførar i større grad må involvere seg, og sikre at desse forholda gjennomsyrar alle kommunale planar, og at innbyggarane må spørjast til råds og vere med å forme det samfunnet dei skal leve og bu i.

Kva bidreg til trivsel og livskvalitet?

Den heilt korte versjonen er slik: tryggleik, trivsel, tillit og tilgjenge. Tryggleik  rommar mange faktorar, men blir trekt fram som nærast eit primærbehov. Det treng ikkje dreie seg om kriminalitet, men kan like gjerne handle om at ein har eit godt forhold til naboen, og at trafikkforholda er greie. Trivsel handlar om å ha tilgang til grøne omgivnader, frisk luft, rekreasjon, og moglegheit for sosial kontakt. Tilgjenge handlar om at det ein treng og ønskjer seg finst i nærmiljøet, og at ein lett kan kome seg dit – anten det gjeld tenester, opplevingar eller aktivitetar.

Kontakt: HVO, Randi.Bergem@hivolda.no
Fylkeskontakt, Møre og Romsdal, sigri.spjelkavik@mrfylke.no 
Kommunekontakt, Ørsta, ingvild.endal@orsta.kommune.no 
Kontakt: Helsedirektoratet, Live.Boe.Johannessen@helsedir.no
 

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss